Brænne

Brænne


Publisert 12.12.2016
Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit


Dette oppdraget traff litt ekstra i hjarterota mi. Har du vakse opp på Sunnmøre i løpet av 90-talet skal det godt gjerast at du ikkje har eit forhold til Brænne brus- eller saftprodukt.

Brænne Type Rød er ein smaksopplevelse som tek meg 15-20 år tilbake i tid. Når eg åpna den første flaska og kjende lukta såg eg plutselig meg sjølv i ei leikarhytte, i barnehagen, på barneskulen, i bursdagsselskap og meir. Type Rød var ein viktig del av barndomen. Det var også Eplerose. Plutselig ein dag var alt vekke. Luks, RC, pærebrus, Asina, Fjellbekk og fleire berre forsvann. Fabrikken vart nedlagt og ei epoke var over.

No når desse to gjer sitt comeback har vi fått tatt del i produksjonen av to korte videosnuttar produsert av Kib & Morits. Du kan sjå dei på Facebook-sida til Brænne Saft. Konseptet er enkelt og litt rart, litt som produktet i seg sjølv. Eg er glad for at Type Rød og Eplerose er tilbake. No ventar eg spent på om kiosken på Reset (Volda skisenter) har Luks når skisesongen er i gang.

 

 

 

Produksjon og konsept: Kib & Morits.
Foto og lys: Atle
Produksjonsassistent: Andreas Solbakken
Klipp: Hallstein D. Mala.




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!