Campus Live

Campus Live


Publisert 05.04.2016
Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit


I mars tok vi kontakt med Høgskulen i Volda og lurte på om dei var interessert i å prøve noko nytt. Ideen var Campus Live. Vi har ein tanke om at lange direktesendingar, også kalla «sakte-tv», er ein bra ting. Det meste går alt for fort for tida så det er greit at noko går litt rolegare. NRK sine minutt for minutt-sendingar er noko av det beste vi veit. Høgskulen syntes det virka spanande og bestemte seg for å bli med. Ein ny måte å nå ut til framtidige studentar.

Se hele sendingen her!

Campus Live-konseptet bestod rett og slett av å vise frem Høgskulen i Volda sin campus, og Volda som studiestad for nye studentar. Ved å gjere det direkte fekk nysgjerrige og framtidige studentar muligheit til å sende inn spørsmål til programvert Hans Andreas Solbakken undervegs i sendinga. Ruta gjennom campus vart planlagd i forkant, og nokre intervjuavtaler vart gjort i forkant med studentar som representerte dei forskjellige studiene ved Høgskulen.

Såvidt vi veit har ikkje tilsvarende blitt gjort før, og vi synes prosjektet er veldig spennande sidan det gav oss muligheten til å gjere noko nytt og unikt. Og veldig kjekt at Høgskulen i Volda ville vere med å teste ut konseptet!

Sendinga vart avslutta på Studenthuset Rokken, som er dreve av frivillige studentar gjennom Studentsamfunnet i Volda.

I regi på Høgskulen sat Atle, og sørga for at streamen gjekk på lufta, opererte som innspelingsleiar med kontroll over kjøreplan, og administrering av innkomande spørsmål.

Gjennomføringa av Campus Live gjekk føre seg slik:

  • Atle og praktikant Vegard Simensen var i regirommet på Høgskulen saman med Veronica Pilskog (Kontor for Samfunnskontakt). Dei passa på at sendinga gjekk på lufta og svara på spørsmål frå sjåarane.
  • Signalet kom inn via LiveU (Lu40), som er ei mobil sende-eining med 4 stk sim-kort som slår saman bandbreidda til ei linje.
  • Chris-Håvard og praktikant Torgeir Lindblad var ute i feltet saman med programvert Hans Solbakken. Chris-Håvard passa på at utstyret fungerte.
  • Atle og Chris-Håvard kommuniserte gjennom heile sendinga over telefon og det fungerte bra. Spørsmål som kom inn vart svara på i regirommet før vi sendte spørsmål (og nokon svar) til programverten som formidla det på lufta.
  • Sendinga gjekk via Høgskulen sin YouTube-kanal. Der kunne sjåarane skrive i kommentarfelt om det var noko dei lurte på eller om dei hadde noko på hjartet. Her fekk vi nokre spørsmål, men dei fleste sendte via Facebook-melding. Det var også muligheit til å bruke #CampusLive på Twitter. I tillegg sendte vi en backupstream via Høgskulen i Volda sin Wowza-server i tilfelle det skulle verte krøll på YouTube.
  • Sendestart var 13:00 og vi avslutta 16:45. Ingen tekniske problem, og utruleg nok ingen batteribytter på FS5´en heller!

Utstyrsliste:

  • Sony FS5 med 18-105mm F4
  • LiveU Lu40
  • 1 stk Sennheiser trådløs mygg
  • 1 stk Sennheiser trådløys mikrofon

Vil vil rette ei stor takk til Hans Solbakken, Torgeir Lindblad, Vegard Simensen, Veronica Kvalen Pilskog, Svein Wisnæs, Reidulf Botn, studentar og lærarar ved Høgskulen i Volda.




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!