For ikkje så lenge sidan fekk vi ein telefon frå Vartdal Plast. Dei skulle levere varer til Hoven Loen 1010 meter over havet. Dette ville dei sjølvsagt dokumentere. Vi var med på turen opp to gongar. Første dagen var det overskya, så landskapet kom ikkje optimalt fram. Derfor blei vi med ein tur til og då var været med på laget.

Resultatet kan du sjå her:

Droneoperatør og redigering: Atle Vasbotn Remmereit. B-foto: Andreas Solbakken. Musikk: Epidemic Sound.