HVO – Studentfilmar

HVO – Studentfilmar


Publisert 29.03.2017
Skrevet av Chris-Håvard Berge


 

 

I dette prosjektet såg vi nye stadar i landet og møtte masse spennande folk. Eg meiner sjølv at alle mennesker er interessante så lenge du treff dei på rett stad og lyttar til det dei seier. Kvar gong vi møtte ein ny person frå eit anna yrke, tenkte eg: «søren, det var dette eg skulle gjort». Grunnen var at vi opplevde dei i arbeid og dei fekk vise kva som engasjerer dei. Tok ikkje lang tid før engasjementet smitta over på oss bak kamera.

Vi har reist rundt å møtt ulike personar som har fullført ulike studium på Høgskulen i Volda. Grunnen til dette er at skulen ønsker å vise kva som skjer med studentane etter studietida. Vårt forslag var å lage eit kart der ein ser både geografisk og fagleg spredning. Hensikta er ikkje at kvar video skal treffe alle, men med målretta publisering kan ein tilpasse innhaldet til ulike målgrupper. Ingen av dei vi møtte vart pålagt eller oppfordra til å nevne Høgskulen, berre viss det falt naturleg. At dei ville stille opp er godt nok i seg sjølv.

Eit relevant spørsmål når du skal ta utdanning er «Får eg jobb?». Vi har møtt 18 personar som kan svare ja på dette.

Foto: Chris-Håvard Berge. Regi: Atle Vasbotn Remmereit.

Redigering: Matias Myklebust, Hallstein Mala, Chris-Håvard Berge og Atle Vasbotn Remmereit.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!