Jugendfest 2016

Jugendfest 2016


Publisert 07.09.2016
Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit
Toppfoto av Hallstein D Mala


Momentium er kanskje noko av det aller mest spennande på Sunnmøre i desse tider. Eg hugsar Sommarfesten på Giske for mange år tilbake då vi tok med mat og drikke sjølv, samlast rundt eit naust med scene mot sjøen og høyrde på god musikk medan vi spiste nydelig mat. Lite og intimt. Samanlikna med i dag er Sommarfesten gigantisk. I tillegg har Momentium fått på plass Terminalen byscene i Ålesund, Ålesund Live, Jugendfest og no skal dei i tillegg starte microbryggeri. Vi var så heldige å få samarbeide med dei på årets Jugendfest. 

Via byrået All Heart fekk vi i oppdrag å lage film for hovudsponsor Burn Energy Drink. Dei skulle ha noko som heiter The Burning Tower. Ja, eit tårn med flammar i tillegg til all pyroen frå og rundt scena. Det skulle vise seg å bli to trivelege dagar på jobb der Chris-Håvard fekk kosa seg med Fs5’en. Med var også Hallstein D. Mala. Han hadde også foto og tok litt stillbileter. Eg var utanlands desse dagane, men fekk klippe Burnfilmen då eg kom heimatt.

Nokre dagar før Jugendfest fekk vi ein ny telefon frå All Heart. Då var spørsmålet om vi kunne lage årets Aftermovie også. Dei som eigentleg skulle produsere måtte avlyse. Akkurat då skulle eg likt å ha vår tilgjengelig, men Chris-Håvard og Hallstein greide seg veldig godt. Å vere to personar som skal produsere to filmar i løpet av to dagar der det skjer veldig mykje, blir fort stress. Ein må passe på tider for flammeshow og prøve å få litt varierte utsnitt av pyroshowet. Burnfilmen skulle sjølvsagt inkludere The Burning Tower og Burn Afterparty på Terminalen, medan Aftermovie skulle inkludere det som skjedde inne på Color Line stadion der Jugendfest foregår. Det var ei ufattelig mengd med materiale, men vi kom i mål med to filmar som vi er fornøgd med. Kanskje vi er så heldige å få bli med neste år også.

Det var ein svært hyggelig opplevelse å jobbe med All Heart. Vi sett stor pris på det Momentium får til i regionen og håper å kunne ta del i meir av moroa i tida framover! Filmane kan du sjå i portfolio.

drone

Til dei som lurer på kvifor vi ikkje brukte meir drone: frå 1. januar vart regelverket kraftig skjerpa. Vi har ikkje tillatelse til å flyge når det er mørkt eller nærmare enn 150 meter frå folkemengder. Kva andre gjer skal ikkje vi legge oss bort i, men vi som prøver å drive profesjonelt må følge regelverket. Hadde drona vår ramla ned over publikum måtte arrangøren stengt arrangementet. Ja, vi hadde mista lisensen og muligens fått ei brutal bot. Men det aller værste er om vi skadar nokon. Vi oppfordrar alle til å følge reglane for dronebruk, så har du vertfall gjort alt du kan om noko skulle gå gale. Ingen klipp er viktigare enn sikkerheita til publikum.




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!