Marine Harvest

Marine Harvest


Publisert 07.11.2016
Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit


 

«Kan dere ikke leke dere litt også?» stod det i meldinga før vi reiste eit godt stykke opp i Nord-Trøndelag for å filme laks. Vi hadde fem kolli med filmutstyr stappa inn i ein Volkswagen Golf. Då hadde vi det som skulle til for å filme frå båt, under sjø og frå lufta. Dette var starten på ein tur vi hadde stor glede av. Resultatet på materialet vart bra til tross for regn og vindbyger. Drona fekk seg ein liten luftetur og vi bygde eigne stativ til GoPro som vi stakk nokre meter ned til laksen. Det har våre ein del om lakseoppdrett i media siste tida om korleis blant anna fjerning av lus påverkar miljøet. Vi fekk sjå ein ny metode der laksen vert spylt med sjøvatn i staden for å bli vaska med kjemikalier. Avansert prosess der laksen vert flytta frå ei merd til ei anna via ein «vaskestasjon».

UndervannsfotostangCHB i merdene

Laks er viktig for Norge, så det var ekstra interessant og spennande å få eit tettare innblikk i kva som skjer i denne bransjen. Folka vi møtte var veldig trivelige og gjorde så godt dei kunne for at vi skulle få dei klippa vi trengte. Då har vi det bra på jobb. Skulle ønske alle var slik. Vi forstår at ikkje alle er komfortable med kamera rundt seg, men enkelte gongar blir vi sett på som verdas største byrde. Dette var altså ikkje tilfelle her. Seinare har vi også vår i Vanylven å filma for Marine Harvest. Denne gangen var været litt meir på lag med oss. Og folka like blide. Dei lånte oss til og med ein båt vi kunne bruke som vi ville. Gler oss til meir!

Drone i VanylvenKaptein Berge




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!