Verdensrekord

Verdensrekord


Publisert 31.08.2016
Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit
Toppfoto av Olav Standal Tangen


Oclin produserte stuntet «Verdas Djupaste Longboard-race» for X2 Festivalen, i samarbeid med Garmin og NextCar. Omlag 20 personar var involverte under innspelinga i Eiksundtunnelen tidlegare i år. Her skal eg dele litt om korleis vi planla produksjonen. Ta kontakt om du har spørsmål du ikkje får svar på i teksten.

Vi ville lage ein kul video. Eiksundtunnelen er den djupaste undersjøiske tunnelen vi har. Legg til Ali Nas og Aldin Hodzic så har du plutselig noko på gang. Men det er ikkje nok å ha kule idear. Sidan vi er profesjonelle aktørar vil vi gjer ting ordentlig. Vi hadde veldig mange turar gjennom tunnelen der vi sjekka lysforhold, luft, asfalt og tid frå start til slutt. Lyssetting vart vurdert, men det blei for tungvint og strekninga for lang. Derfor sørga Chris-Håvard for å bestille godt med ledstriper. Det var altså mulig å gjennomføre stuntet. I tida før hadde vi og sponsorsjef Kjetil, i reklamebyrået Helli, jevnlige møter om korleis filmen skulle formast. Målet var ein film der både vi, utøvarane, X2 og sponsorane vart fornøgd med resultatet.

Foto: Olav Standal Tangen

Festivalsjefen og sikkerheitssjefen for X2 Festivalen sørga for at det vart utarbeida ein sikkerheitsplan som vart sendt saman med ein prosjektbeskrivelse til Politiet og Statens Vegvesen. Denne vart godkjend så lenge nokon med autorisasjon tok seg av stenging og åpning av tunnelen. K.A. Aurstad sørga for det. Volda Røde Kors Hjelpekorps bidrog med fire mann og ein redningsbil.

garmin_rodekors

Å lage til sjølve led-draktene tok heile dagen. Ledstripene blei limt på draktene, hjelmane og sjølve bretta til Ali og Aldin. Deretter blei alt lodda saman. Åge Staurset fikk ansvar for all lodding! Ledlysa blei drifta av to 9-voltsbatteri, seriekobla og gaffa under bretta, bakpå venstre legg og på hjelmen. Totalt 6 stk batteripakkar.

garmin_lodd

Når utøverane tok på seg draktene fekk vi eit brudd i eine skjøtepunktet, så berre halve drakta lyste. Uforutsette ting som dette hadde vi planlagt etter beste evne, og hadde aggregatet klart. Loddebolt blei kobla til og Åge reparerte drakta til Ali medan den var på. For å unngå fleire brudd «låste» vi alt med gjennomsiktig teip både på Ali og Aldin, sånn at lim og skjøtepunkt ikkje skulle gå i oppløysing igjen.

garmin_chb

Tunnelen hadde vi til disposisjon frå klokka 21:00 til 06:00. Den kunne ikkje vere stengt lenger enn 15min. Eg planla at dette skulle halde, men på sjølve dagen vart eg gjort oppmerksom på at dette inkluderte stenging av tunnelen. Og at vi måtte vente til alle bilane hadde kjørt ut. Dette tok ca 7-8 min. Plutselig hadde vi 7 min per tagning. Det gjekk raskt for longboardarane å kjøre frå topp til bunn og derfor var ikkje tidsskjema så gale. Dei hadde to prøveturar for å føle litt på forholda, men det såg ut til at dei gav alt frå første spark. Vi hadde og to turar der eg sat bak i ein Land Rover Discovery 4 (levert av NextCar) og filma dei frontalt. Vi brukte også to stengingar på diverse innklippsbileter.

garmin_bunn

Vi hadde heldigvis fire praktikantar tilgjengelig denne perioda, så vi hadde godt med assistanse heile vegen. Vegard Simensen og Torgeir Lindblad bistod godt i forarbeid og fekk det ærefulle oppdrage å stå midt i tunnelen med kvar sitt kamera når vi kjørte. Det siste er vel kanskje å regne som ei drittoppgåve, men det måtte gjerast. Ingen sure miner frå dei så eg velger å kalle dei profesjonelle medarbeidarar. Eline Blæsterdalen var script og sørga for at eg fekk alle klippa eg hadde skrive på skuddlista mi. Olai Tomasgard bistod bistod som sjåfør.

garmin_nextcar

Når det gjaldt produksjonsutstyr hadde vi mykje frå Garmin. Vi festa Garmin Virb ulike stader på bilen, under longboarda og på hjelmane. I tillegg sat eg i følgebilen å filma med eit Sony FS7. I botnen stod Chris-Håvard med Sony FS5. Langs vegen hadde vi 2 x Canon 70D og eit Canon C100. Dei mest brukte klippa er frå Fs7 og Garminkamera. I tillegg til ein 70D som var på bilen.

garmin_bil

Resultatet kan du sjå mange stader. Videoen tok litt av på nett og gjekk vel det som kallast «viralt» ei stund. Viralt eller ei så er eg fornøgd med resultatet og jobben som vart gjort. Hadde ikkje klart det utan samtlige av dei involverte!

 

Takk til: Aldin Hodzic, Ali Nas, Garmin, NextCar, Politiet v/Lensmannen i Ørsta og Volda, Statens Vegvesen, Volda Røde Kors, Høgskulen i Volda, K.A. Aurstad, Eirik Vaage, Åsmund Vaage, Kjetil Kriken, Jens Haumann, Vegard Simensen, Torgeir Lindblad, Eline Blæsterdalen, Åge Staurset, Sondre Langenes, Olav Standal Tangen, Olai Tomasgard, Mathias Vasbotn Remmereit, Kim Tvedt, Kennet Fagerstrand, Jørgen Mosand og dei som måtte vente litt når tunnelen var stengd.

Alle foto: Olav Standal Tangen og Jørgen Mosand.




Få nye blogginnlegg rett i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet til Oclin!