I femti år har Rotevatn Trafikkskole prega generasjonar på Søre Sunnmøre. No har vi fått føreviga reisa frå Johns første køyretimar på 70-talet til sonen Kjell Erik si moderne drift.
Målet med jubileumsprosjektet var å skape eit varmt portrett som fangar sjølve sjela i familiebedrifta. Filmen kombinerer historiske tilbakeblikk med ekte, menneskelege møte som viser betydninga skulen har hatt for lokalmiljøet sidan 1976.
Det store høgdepunktet i filmen oppstod då vi overraska John midt i intervjuet. Utan at han visste noko på førehand, dukka tidlegare elevar og støttespelarar opp i lokala for å takke han. Dei spontane reaksjonane og dei varme gjensyna vart kjernen i filmen; eit levande bevis på tilliten John og Kjell Erik har bygd gjennom fem tiår.
Målet for filmen var å få fram menneska bak logoen. I pre-produksjonen jobba vi tett med Kjell Erik for å finne fram til kva som var viktig for han. Korleis såg han på trafikkskulen? Sjølv om fokuset i utgangspunktet var på sjølve drifta og at han ønskja å heidre sin far, meinte vi i Oclin at historia ville skine sterkast om dei baud på seg sjølve, inkludert det familiære og rolla kona til John, Bodil, har hatt som rekneskapsførar for trafikkskulen gjennom alle år.
Sjølve overraskinga av John krevde ein del logistikk. Medan han sat midt i intervjuet, stod ei rekkje tidlegare elevar klare på utsida. Først då produsenten fekk tommel opp på at alle var på plass, vart dei sleppte inn på rad og rekke framfor kamera. Etter overraskinga og intervjuet var ferdig, fekk med alle på sett smake kake!
For å knyte det visuelle saman med profilen til trafikkskulen, brukte vi aktivt lyssetjing med raude fargetonear under opptaka inne på trafikkskulen. Vi kombinerte eigne profesjonelle opptak med glimt frå kvardagen til dei tilsette, innsamla via tenesta Luups. Etter mange timar med opptak og nokre tøffe val i klipperommet, sit vi att med eit resultat vi er strålande nøgde med, ei kronologisk reise som ærar fortida og ser framover.
Produsent: Kristina Juul Jørgensen
Regi: Martin Giskegjerde
Manus: Atle Remmereit, Martin Giskegjerde
Filmfotograf: Sivert Brautaset
Prod. ass/praktikant: Sander Franck Allman
Klipper: Martin Giskegjerde
Shout out til Næringskonferansen! Oclin er stolt samarbeidspartner.
Takk for at vi har fått komme så tett på, og bli så godt kjende med dykk, Kjell Erik og John, og resten av gjengen i Rotevatn Trafikkskule.
Publisert 2026-03-27