Reklamefilm for Vik Ørsta - Lysmast

Reklamefilm for Vik Ørsta - Lysmast

Publisert 31.10.2023

Skrevet av Atle Vasbotn Remmereit

Gjenkjennelseseffekt og merkevarebygging i første rekke.

Dette innlegget er skrive av meg (Atle) på heilt ok nynorsk.


Dersom du ser Nyheitene er det nesten ein garanti at mange av reportasjene har eit innslag frå Ørsta. Då siktar eg ikkje til Aril Riise, men at i bakgrunnen av eit intervju eller i eit oversiktsbilete står ei lysmast frå Vik Ørsta. 

(Filmen finn du i slutten av innlegget.)


Lysmast frå Ørsta

Du finn dei over alt. Utanfor huset ditt, på veg til jobb, når du er å handlar, når du skal ut å reise, når du går søndagstur. Kvaliteten på produktet er førsteklasses og designet er ofte augesnop. Spesialtilpassa kvar enn dei skal og laga «her heime».


Det er ganske kult at vi har den slags industri i Norge og på bygda. Eg håper at aktiviteten til Vik Ørsta utad, i form av video, bilete og andre publikasjonar vil gi fleire den stoltheita eg sjølv følte på under produksjonen og når ferdig film vart publisert. Eg har byrja sjekke klistermerket på lysmaster over alt.


Sidan barndommen har eg kjent mange som har jobba på «stål». Kompisar, brødre til kompisar, fedre og eit par mødre. For første gong fekk eg no innsikt i selskapet som alltid har vore i nabolaget. Kjentfolk er der framleis.


Det var på mange måtar det første som slo meg då eg besøkte Strømpeneset i Ørsta første gongen november 2020. Dei produserer jo noko av det som får samfunnet til å fungere. Lys i mørket og trafikksikkerheit. Det er så mykje funksjon og samfunnsansvar i ei lysmast at vi kunne laga spelefilm eller Netflix-serie berre om mastene sin funksjon. Men vi starta i ein ende.


Produksjon og gjennomføring

Forespørselen kom i november. Etter eit par møter og befaring på fabrikk starta arbeidet med manus. Teksta er i all hovudsak basert på ting som vart sagt under møta, informasjon om dei ulike lokasjonane og befaringa på fabrikk. Miljøet er veldig fotogent så vi trengte ikkje gjere unødig mykje for å iscenesette. Lysmastene har sine lokasjonar og folka på fabrikken gjorde arbeidet sitt som normalt. Eg brukte ca ein arbeidsdag på å skrive teksta og lese inn testopptak. Litt omskriving før innlesing til ferdig klippa film.


På fabrikken gjorde eg foto sjølv medan assistent Martin sørga for at det eg filma hadde godt med lys og at linseskift gjekk fort. Alle opptaka på fabrikk er tatt med Sony FX9. Veksla mellom Sony 85mm F1.4 og Xeen cinema lense 24mm T1.5. Det same oppsettet vart nytta på utandørsopptak av born på leikeplass, dame på busshaldeplass, mann på sykkel o.l.


Torstein gjorde opptak i blant anna Oslo, Lom, Hamar, Brumunddal, Sandvika. Opptaka gjorde han med Sony A7S III med Sony 24-70mm F2.8 og 70–200mm F2.8. Vi nytta begge Mavic 2 pro til droneopptak. Enkelte av droneklippa er henta frå arkivbanken Shutterstock. Opptaka i Bergen er gjort med Panasonic GH5.


Filmen er klippa av Torstein i Adobe Premiere. Rask tussafiber har vi på kontoret i Volda så eg kunne enkelt dele alt materiale med han i Oslo. Normalt ville eg og Torstein satt oss i same rom, slik at eg kan gi innspel på klippinga utifrå regitankane, men delt skjerm på Slack fungerte like bra.


Eg hadde ikkje nokon konkret referansefilm i tankane om det visuelle, men eg hadde ein musikkreferanse frå seria Succession ganske tidleg. Det er som oftast då eg blir mest kreativ. Når eg finn eit musikkspor som triggar fantasien.

Ta kontakt om du lurer på noko meir om denne produksjonen eller andre ting.



Kreditering 🎬

Regi/manus/voice/foto: Atle Remmereit

B-foto: Torstein Lund Sperstad, Hallstein D Mala

Produksjonassistent: Martin Giskegjerde

Klipp: Torstein Lund Sperstad

Musikk/sfx: Ole Herman Andersen / OHDIO Music

Extras: Ludvik og Lydia, Kari Elise, Martin.


Takk til Vik Ørsta for oppdraget!

...

Atle Vasbotn Remmereit

avr@oclin.no | 48129696

Les mer fra Oclin Bloggen


- En kulinarisk suksessproduksjon

Årets kokk og kvalifisering til Bocuse d'Or


6 kjappe med Andreas

Bli bedre kjent med filmfotograf og klipper Andreas Eide


Skuleovertaking

Lærarane på skulen har reist vekk, og studentane skal ha ansvar for heile skulen aleine. Korleis vil det gå?


6 kjappe med Martin

Bli kjent med videoprodusenten


6 kjappe med Kristina

Lurer du på hva en prosjektleder og produsent gjør? Les hele intervjuet her


Kontakt oss?

hello@oclin.no

Personvern

Oclin AS

Storgata 8, 6100 Volda

Akersgata 1, 0158 Oslo